Trimfesten i Hyen laurdag 14. mars 2009


Tor Larsen hadde lagt mykje arbeid i å skrive tekst og kor-arrangement til ein skikkeleg fengande opningssong 
framført av Koret. Melodi: Jo Nesbø og Di Derre sin velkjende "Rumba med Gunn". Det var fullt trøkk frå første tone.

Dei kan dette med å lage til bygdefestar i Hyen. Ein gong i året står idrettslaget som arrangør. I år var det Gubbetrimmen sin tur å stå for program, mat og dans, og laurdag var det stinn brakke i Gymsalen.

F.T.: Magnar Heimset

Folk går mann av huse i Hyen når det vert invitert til bygdefest. Sist laurdag var det fullt hus i gymnastikksal og samfunnshus då gubbetrimmen arrangerte den årlege trimfesten med program, mat og dans. Og publikum storkosa seg.

Kulturberar
Hyen Idrettslag har drive og driv som kjent godt på den idrettslege arena, men laget har og tradisjon for å vere ein kulturberar også etter det gamle kulturomgrepet. Sist på 70-talet og først på 80-talet var sistnemnde aktivitet temmeleg laber, og avgrensa seg i beste fall til reine dansefestar. Så fann dametrimmen med Kirsti Meyer Hope i spissen på å lage til ein skikkeleg bygdefest med program og mat og med litt svingom til slutt. Hyarane gjekk mann av huse for å få med seg denne nyoppstadne idrettslagsaktiviteten, og festen vart ein braksuksess. Dametrimmen utfordra då Gubbetrimmen om å lage til fest neste år, ei utfordring dei tok på strak arm.

Tradisjon
Sidan har denne trimfesten vorte ein årleg tradisjon, og har etterkvart innarbeidd seg som eitt av høgdepunkta i kulturlivet i bygda. Kåseri har vore fast innslag i programmet på desse festane, og opp gjennom åra har mange, tildels urøynde og uoppdaga talent fått høve til å prøve seg. Mykje av programinnslaga elles og har vore skrivne og dramatiserte lokalt. Ein tek utgangspunkt i lokale hendingar og karakterfigurar, ofte med stort hell og treffande poeng.


Nokre trufaste Hyen-patriotar, som til vanleg jobbar eller studerer i Bergen, utgjorde grunnstammen i programkomiteen. Her les Even Rønnekleiv sjølvskriven soge om Hyen etter siste istid og fram til i dag. Rune Ommedal (framme t.v.) og Jon Bjarne Hope illustrerer dei ulike kapitla med mellom anna songinnslag.


Under den lokale varianten av ”Mesternes Mester” rakk vi ikkje eingong å knipse før rockeringen til Matias Hope var komen nedanfor  knea. Men innsatsen og konsentrasjonen var det ingenting å utsetje på. Ein av deltakarane, Eldar Rønnekleiv, ser rimeleg overberande ut her, men det gjekk ikkje likare då det vart hans tur.

 Gubbane sin tur
I år var det altså gubbane sin tur, og jammen kom dei velberga i mål denne gongen og. Dei kunne by på eigenprodusert song og musikk, sketsjar og kåseri for ein bortimot fullsett gymnastikksal med eit lydhøyrt og positivt publikum. Gubbane hadde sjølve laga kjempegode gryterettar som vart servert med stil, sjølvsagt av karane sjølve. Etterpå var det dans til god musikk av "Born to Boogie". Vi gratulerer idrettslaget med nok ein vellukka og triveleg bygdefest, og gledar oss alt til damene skal i elden neste år!


Ole Matias Ark bygt på Båtbyggeriet vert redninga for arten hyarar når flodbølgja etter det venta (eller uventa) storraset i Hyestranda kjem ein gong i uviss framtid. Båtbyggjarane er Even Rønnekleiv som Ottar ”Bukvien” Holme ved baugen og Rune Ommedal som Jakob Os bak.


Musikkgruppa med frå v.: Sondre Utheim, Kristoffer Solhaug, Even Hallem, Ørjan Gjesdal og Håkon Solheim akkopagnerte Koret og hadde elles eigne pauseinnslag.

Dei som kanskje ikkje heilt fekk med seg Magnar Heimset sitt kåseri, kan lese det i wordversjon her.

-mheim-

Frå trimfesten i 2005 >>>