Trimfesten i Hyen laurdag 12. mars 2005


Ei talrik og sommarsleg song og musikkgruppe framfører "Ein nordmann sin draum" av Olav Stedje.

Eksotisk på dametrimfest

Det var tidvis eksotisk på dametrimfesten i Hyen laurdag 12. mars. Programmet femna eit stort spekter frå eksotisk magedans og song til felespelande mammaer.

F.T.: Magnar Heimset

Det er tradisjon med trimfest i Hyen ein gong på ettervinteren. Dametrimmen og Gubbetrimmen i Hyen Idrettslag vekslar på å arrangere desse populære bygdefestane. Denne gongen var det damene sin tur, og dei skuffa ikkje denne gongen heller. Programmet vakte stor begeistring i ein langt på veg fullsett gymnastikksal sist laurdag.

Program

Oddrun Ommedal og Magni Aa Berge presenterte ein original vri på programleiarrolla der Sydentur  var tema.

Trimdamene i Hyen kan tydelegvis meir enn gymnastiske krumspring. Dei hadde laga ein feiande flott velkomstsong på melodien til "Nøtteliten". To av damene ; eit tablå ved sidan av scena der dei i dramatisert form og sydde saman dei ulike programinnslaga.

Kåseri
Det tradisjonelle kåseriet var det Åse Moen Hope som stod for. Ho meistra sjølvironiens edle kunst, og skildra eigen trimaktivitet i høve til trimklede for ulike årstider, og til kosthald og baking av Fedon-brød.
– Dei er ikkje etbare i det heile. Eg gav dei til turvenninna mi, ho Anna Holme, og de ser kor ho ser ut, sa ho.

Kåsør Åse Moen Hope meistra "sjølvironiens edle kunst" på dametrimfesten i Hyen.

Magedans

Magedans på scena i Gymsalen i Hyen er ikkje kvardagskost. Greta Anita Agledal og Mona Holme
imponerte med ei herleg frigjort oppvisning som røpa solid trening i den eksotiske kunsten.

Etter eit songinnslag av ei talrik gruppe som framførte "Ein nordmann sin draum" av Olav Stedje, fekk programleiarane veldig lyst å dra til Syden til sol og sommar. Men dei var usikre på om dei torde ta mennene sine med. Det er no så mange slags freistingar ein kan kome ut for der. . .
Eit glimrande programinnslag med temmeleg avansert magedans av to søte Solheim-damer avgjorde saka.
– Nei, karane får vere att heime, vart det konkludert med.

Felemammaer

I Hyen Spelemannslag er det mange unge aspirantar som etter kvart gjer det bra. Her er "Felemammene"
i ei ellevill og ambisiøs visning av kvar talenta kjem frå. Frå v.: Anne Marie Mjellem, Ingeborg Sande Holme,
Greta Anita Agledal, Mona Holme, Magnhild Solheim Hallem og Bodil Solheim Klungre.

Hyen Spelemannslag har fått ein stor tilvekst av unge felespelarar, både gutar og jenter. Mammaene til desse stilte opp og viste kvar deira musikalske gen kom frå. Resultatet verka ikkje direkte overtydande på forsamlinga, men underhaldningsverdien var stor. I det heile var det mykje musikk, song og dans på scena, og programmet vart avslutta med eit danseinnslag til låten "Pretty Woman" med nokre av den harde kjernen i Dametrimmen som aktørar.


Fire av "den harde kjernen" i Dametrimmen i Hyen leverte eit stilig dansenummer på dametrimfesten i Hyen laurdag 12. mars. Frå v.: Judit Aa, Kirsti Meyer Hope, Tone Rønnekleiv og Iren Utheim.

Mat
Og mat må det vere på slike festar. Damene dekka eit imponerande koldtbord med eit variert utval av herlege rettar. Kaffi og heimebaka kaker vanta heller ikkje før det vart invitert til dans i Samfunnshuset til musikk av "Nesten rett og slett".

Entusiasme
Vi slo av ein prat med trimleiar Kirsti Meyer Hope etter festen for å få ein glytt bak kulissene i arrangementet.
– Vi tykte festen gjekk veldig bra. Største moroa har vi under førebuinga og innøving av programinnslag. Det er i høgaste grad eit fellesprosjekt, hevdar primus motor, Kirsti Meyer Hope.
– Trimdamene er veldig positive og entusiastiske i førebuingane til festen. Det manglar ikkje på idear og innsatsvilje, så denne gongen tykte vi det gjekk greitt å få til fest, fortel ho.
– Maten var fantastisk god. Vi heldt oss til fisk, men resten var sikkert like bra. Kven er det som står for matstellet?
– Det er og eit fellesprosjekt. Ho Smed-Anna (Anna Holme, red.mrk.) organiserer arbeidet, men matlaginga vert gjort rundt om hos fleire.  Det gjeld kakebakinga og, opplyser Hope.
– Vi vart spesielt begeistra for dei to magedansarane. Dei var ikkje skvetne av seg, eller kva?
– Dei var veldig tøffe og eksotiske. Dei har gått på kurs i Førde, og dei er skikkeleg flinke. Dei gav opptakten til den raude tråden i programmet, nemleg reiselyst og lengt etter sol og sørlegare breiddegrader, seier Hope.


Frå trimfesten i 2004 >>>