|
Tranedans på Neskvia?

Ein einsleg trane spankulerte majestetisk omkring på
Neskvia i Hyen fredag 22. april 2005.
Vi har aldri observert trane i Hyen før, men fredag
22. april 2005 fotograferte vi denne einsame majestet roleg
spankulerande omkring på Neskvia ved Heimsetvatnet i Hyen.
F.T.: Magnar Heimset
Det er ikkje så mykje som overraskar oss lenger når
det gjeld endringar i flora og fauna, men trane på Neskvia fekk oss til
å heve augnebryn og kamera, og telelinsa fanga inn dette sjeldne synet.
Tranen hekkar vanlevis ikkje på Vestlandet, men nord
på Austlandet og i Trøndelag er det ikkje uvanleg å oppleve den
karakteristiske tranedansen på opne myrar og sletter om våren.
Rekognosering
Kanskje denne tranen var ute på rekognosering for å finne eit
høveleg og ledig revir her vest på? Klimaet endrar seg, Det er t.d.
ikkje uvanleg å sjå flokkar av songsvaner som rastar her på veg
nordover om våren og sørover om hausten. Det er vel heller ikkje
utenkjeleg at vi kan få oppleve tranedans på Neskvia. Vi får berre
følgje med.
|