Fisketur ein laurdagskveld i Hyen
Når veret er fint, kvelden er komen og
sommeren er ung, då er tida der for ein fisketur på Storefjorden. Utrusta med
lett slukstangutstyr, båt med påhengsmotor, litt medbrakt å bite i og i godt
selskap med båtrederen drar vi raskt mot "beste"
fiskeplassen.

Fisketuren blir det som vi kunne ønskje, fisken var
stadig interessert i det vi kunne by han. Men den store fisken vi alltid
drøymer om å få når vi drar ut, DEN hadde andre planer for kvelden:

Odd Arild og Martin viser stolt fram den store fisken; auren vog 3,4
kg. Det har vore teken aurer på stang som har hatt større vekt, men ikkje
mange.
Gratulerer med fangsten, begge to!
Vi som var i den andre båten, fekk fine
steikjefiskar og var godt nøgde med det. Men synet av storfisken ga ny
inspirasjon og fisket varde denne gongen
ut i dei små timane.
Tor
|