|
Brødrene Aa leverer båt igjen, passasjerbåten "Rygerkatt"
Brødrene
Aa leverer ny passasjerbåt bygd i karbonfiber. Sommaren
2002 leverte Brødrene Aa den første sivile snøggbåten bygd i karbonsandwich
til rederiet L. Rødne & Sønner. Det var ein 20 meters utrykkingsbåt som
opererer i Rogalandsbassenget som ambulansebåt. I
oktober 2002 kontraherte Rederiet L. Rødne & Sønner
ein passasjerkatamaran bygd i same materiale som no er klar for levering.
Fartyet har fått namnet Rygerkatt, og er bygg nr 236 frå Brødrene Aa as.
Rygerkatt er leveranse nr 10 frå Brødrene Aa til L. Rødne & Sønner. Karbonfiberarmeringar
har høge styrke og stivleik. Samanlikna med tradisjonelle glasfiberarmeringar,
er det 4 gongar stivare, og toler 2-3 gongar meir strekk. For
ein snøggbåt har vekta stor innverknad på fart og drivstofforbruk. På
Rygerkatt har ein redusert
strukturvekta med 40 % i høve til alternative byggematerialar.
Testresultat viser at fartyet har ein toppfart på 29 knop. Operasjonsfart
i rute er 24,9 knop. Denne
farten vert oppnådd med 2 x 330 kw og eit brenselforbruk på 5,90 liter pr.
nautisk mil. Rygerkatt
skal trafikkere i by-øyane omkring Stavanger 22 timar i døgnet. Fartyet vil ha
200 anløp pr. døgn. Rygerkatt har 62
passasjersete i ein salong. I same salongen er det innreia kiosk. Fartyet skal
ha to manns besetning, og er bygd og utrusta for fartsområde 3.
Fartyet er utvikla spesielt for bauganløp. Ein hydraulisk operert landgang kan
styrast frå brua og gjere om bord- og ilandstigning effektiv. Med over 200 anløp
pr dag er effektiv passasjerhandtering nødvendig. I tillegg til vridbare
propellar har fartyet baugthruster. Skroget,
som for dette fartyet er 18,5 meter, er utvikla for å kunne forlengast til 24
meter. Skroglinjer
er utvikla av SINTEF Marintek, medan linjer i overbygg er designa av Hareide
Design Mill. Hovuddata
for fartyet :
Lengde
Over Alt:
18,50 meter Bredde
over Alt:
7,50 meter Tonnasje:
93 BRT Passasjersete:
62
stk Hovudmotorar:
2 x mtu serie 60 14L a`350 kw. Gir
og Propellanlegg:
Servogear vridbare propellar. 220
volt:
1 stk MASE 18 kva Baugthruster: 1 stk Sleipner Seidepower.
Forrige båtlevering , ambulanse- og utekontor-båten "Rygerdoktoren". |