Romjulsfesten i Hyen 30.12.2003

Hyen ungdomslag klarde igjen å trossa romjulslatskap og pubkultur. Dei makta også i år å få folk ut av godstolen og tv-trancen og samle "halve" bygda til ein god gammaldags bygdafest med mykje godt heimelaga program i Gymsalen, og med dans i Smfunnshuset til god og variert musikk av "C.B.S.-BAND" der Birger Meland og Olav Hammersland trakterte instrumenta.


Opning med "Gamal Maria-vise" nydeleg framført av fem vakre jenter.    Alle foto: Magnar Heimset


Eitt av dei friskare innslaga var ein heimesnikra sketsj som harsellerte vilt over ein nokså vanleg jaktdag på Hope. Amatørane som framførde var karakterskodespelarar gode nok til at få var i tvil om kva markerte personlegdomar dei karikerte, og dei frodige og magslungne stadnamna i Hopsmarka vart ettertrykkjeleg brukte når gjestande austaføringar, meir eller mindre velkomne på laget, skulle forklarast kvar dei skulle gå eller postere.


Sume brukar heller tida til å reparere traktor. Men kvar vart det av han gapne austaføringen? Jau, han vart heft med å skyte hjort.


Judit Aa vart kåra som vinnar av logokonkurransen som Hyen Ungdomslag har hatt gåande . Ho hadde laga ei svart/kvitt teikning av det gode gamle Hyefjord-motivet i ein H. Ho fekk tildelt premien; ein sjekk på 1000 kroner og tilhøyrande blomster for innsatsen.

Det "obligatoriske" kåseriet er alltid imøtesett med stor spenning. Ungdomslaget er flinke til å finne fram til, og få fram på nye dugande talent. Denne gongen var det Sivert Jan Ommedal som fekk prøve seg. Den jobben kom han godt i frå. Med ein litt høgtideleg start der jula sin bodskap vart grundig poengtert, fekk han nok salen i stuss om han hadde bomma litt på oppgåva. Men så var det nettopp det han ikkje hadde gjort, og han kom raskt til poenget; ei ledig, humørfylt og sjølvironisk betraktning omkring ei hustavle der nøysemd var eit sentralt moment.


Ikkje ofte at Judit får så konkret løn for alt ho gjer for laga i bygda.    Sivert Jan fekk publikum "i tale" med sin lune humor.


Mange av oss som var til stades i salen under årets romjulsfest har nok sett fleire av programma ”Autofil” på fjernsyn. Ungdomslaget sin versjon av dette programmet var nok i ei klasse for seg. Her var fartsfyllt action og ein hyperaktiv programleiar, akkurat som i orginalprogrammet. Køyretøyet som fekk gjennomgå var den ”nye” beltevogna BW 202 til idrettslaget. Jan Erik Larssen var bytt ut med Morten Aa Djupvik, og førstnemnde sin jobb kan nok kanskje vere truga etter Morten og Geir Kjetil sine herjingar i Gjengedalsmarka. Den som kjenner Morten har heilt sikkert lagt merke til mange likskskapar mellom han og den originale programleiaren i ”Autofil.” Det ligg mykje arbeid bak ein slik DVD-film, og både filmteamet, programleiar og testpilot har gjort ein framifrå jobb med å lage filmen og få vist han profesjonelt på "storskjerm" via PC og kanon. Publikum sine reaksjonar og åtgaumen frå salen skulle vel tale sitt eige språk i så måte.


Eit anna friskt og aktuelt innslag med lokal karakter, var ein IQ-test av delegasjonar frå Båtbyggeriet, Hyen Bondelag og hyenpolitikarane der politikarane naturlegvis (eller merkeleg nok) fekk høgast score. Fleire av aktørane fekk låtten til å runge i salen med sine karaktertolkningar av godt gjenkjennelege profilar. Berre ein særdeles streng dommar hindra toppscore over heile linja.


Ein hårfager IQ-testar (Morten) gav her delegatane frå Br.Aa og bondelaget store utfordringar og problem å finne løysing på



Eli Johanne framførde "Mitt hjarte alltid vankar".        Leiaren i HUL, Ogg Helge, var konferansier.

-mheim-

  Fotoreportasje frå Romjulsfesten 2002 >>>