|
2004
Framhald
I A-sluttspelet klasse U vart det tøffare. I
16-delsfinalen gjekk dei vidare med eit naudskrik med 2-1 mot Skåbu
Tverrbygda etter straffespark-konkurranse. I 8-delsfinalen vart det tap 2-3 mot sterke Kvik
Halden.
I første sluttspelkampen der det var
vinn ellet forsvinn, spela laget mot Skåbu Tverrbygda. Kampen var ulideleg spennande heile
tida, og det stod uavgjort 1 - 1 etter ekstraomgangar. Dermed var det
klart for jentene sin store skrekk; straffesparkkonkurranse.
Dei mest fortvila var Benedikte som hadde brent ei straffe
tidlegare i
kampen, og Ida som hadde keeperjobben. Heldigvis redda Ida alle skota,
og Benedikte scora på si straffe. Resultatet vart altså at
hyejentene gjekk vidare til 8-delsfinale med 2 - 1. Det vart naturlegvis vill
jubel etterpå. Keeper Ida ligg underst i denne røysa av lukkelege
jenter.
Men så kom tårene, gledestårer og lettelsestårer
fordi dei vann straffesparkkonkurransen.

Framhald >
|