i Hyen 22. - 25. juli 2004


Heile 46 personar var med på den flotte turen rundt Røyrvikfjellet i eit nydeleg ver torsdagen i Friluftshelga 2004.

Friluftshelga i Hyen gjekk i år for 12. gong, og samla mykje folk til arrangementa sine også denne gongen. Vergudane greidde ikkje å øydelegge trivselen for publikum og arrangørar sjølv om dei gjorde sitt beste med å ause regn over oss i tildels store mengder. Best ver hadde vi på torsdagen, og dei 46 deltakarane på den sju-åtte timar lange fjellturen rundt på Røyrvikfjellet fekk ein fantastisk fin dag med mykje fin utsikt over Hyen og omegn.


"Eggelaget" (t.v) måtte gje tapt for "Neset Hotell" i finalen i år og, men dei gav vinnarane kamp oså denne gongen.

Fredag kveld var det fotballkamp Hyen - STIL, og 3.divisjonslaget vann programmessig 7 - 2. Regnet kom under kampen, men bana greidde seg godt til kampen var over, og eit 200-tals publikum kosa seg likevel i den lumre sommarkvelden. På voleyballturneringa etterpå hølja regnet ned, og sandbana minna etterkvart vel så mykje om eit vannpolobasseng. Men cupspelet gjekk fort og greitt unna, og dei beste laga tackla også desse forholda bra. Vinnarlaget frå i fjor (P.A.United) og året før i fjor (Dei Fantastiske Fire) gjekk til topps i år og til tross for at dei no hadde skifta namn enno ein gong til "Neset Hotell". Men dei fekk kamp til døra i finalen også denne gongen av "Eggelaget" som nok ein gong vart nr. 2. 

Framhald >

Friluftshelga i 2003 >     2002 >     2001 >     2000 >