|

Ung grillkokk i djup konsentrasjon.
|
Det vart ei ei ny vellukka Friluftshelg sjølv
om det såg mørkt ut med veret. Sjølv om Magni påstår at det ikkje betyr
noko, har nok rimeleg godt ver ein viss innverknad på korleis folk trivst på
desse arrangementa.
Det starta med at regnet hølja ned fredag ein
times tid før fotballkampen. Så skein det opp, og søylene på idrettsplassen
rakk så vidt å "renne ut i sanden" før kampen starta. Natt til
søndag bytta det ned att, for så å klårne opp att i god tid før
friluftsmessa. Flakedansen vart nok litt amputert i siste enden, med elles hadde
vi fint ver under alle tilstellingane.
|