|

i Hyen 2010 vert i tidsrommet 19. - 25. juli
Du kan laste ned Friluftshelgavisa 2010 i pdf-format (10 MB) ved
å klikke på linken under. Papirutgåva kom som innstikk i Firda Tidend onsdag
14. juli. Dei som ikkje held FT og som ønskjer avisa tilsendt, kan sende ein
e-post med vanleg postadresse til friluftshelga@enivest.net
eller spør i sportsforretningar i Fjordane der avisa er lagt ut.
Friluftshelgavisa 2010
Tidspunktet for årets arrangement er også denne gongen lagt til veke
29, dvs. i tidsrommet måndag den 19. til søndag den 25. juli. I år startar ein
allereie på måndag med jaktsti for jenter på skytebana på Å-bakkane. Tysdag
er det kulturvandring frå Røyrvik til Heimseta, med tur innom gardsmuseet til
Martin og Rannveig Ommedal i Heimseta. Det vert servert mat på gamleskulen i Røyrvik. Onsdag er det som vanleg nasjonalt
friidrettsstemne på idrettsplassen. Torsdag går den tradisjonelle, lange
fjellturen, denne gongen i Solheimsmarka. Fredag er det, som vanleg, fotballkamp på
idrettsplassen og volleyballturnering på sandbana i Vikja etterpå.
Av spesielle nye innslag kan nemnast at Eli Kari Gjengedal (vêrdama på TV2)
kjem og skal vere med å markere at det er 110 år sidan bestefaren hennar,
forfattaren Knut Gjengedal, vart fødd.
Sjølve helga samlar naturlegvis nok mest folk. Laurdag
er som vanleg den store myldredagen i sentrum med mange ulike aktivitetar som matservering, salsutstillingar med
kunst- og brukskunst, program i kyrkja, triatlonkonkurranse og
mykje meir. Dagen
vert avslutta med flakedans til musikk av Hyen
Spelemannslag.
Søndag er det tid for den tradisjonelle
friluftsgudstenesta, i år på Nesholmen. Etter gudstenesta vert det selt
rømegraut, kaffi og kaker. Det er fjelltur etter matserveringa, denne er i år
spesielt for born i regi av Barnas Turlag i Gloppen.
Friluftshelga 2009 >
2008 > 2007 >
2006 > 2005 >
2004 >
2003 > 2002 > 2001 >
2000 >
|