Stor interesse for
BREIMSTAFETTEN
2003
søndag 04. mai. Også i år var det mannjamn oppslutning frå hyarane si side. Dette galdt både for aktive og tilskodarar.

KRAFTPRØVA

Her stilte både Benedikte Aa og Jon Bjarne Hope, og begge forsvarte bygda si ære med glans. Benedikte tok like godt 1.plassen i dameklassen – riktig nok delt med Anita Jordanger frå Breim. Jon Bjarne var berre centimetrar frå å kopiere resultatet blant herrane, men han måtte nøye seg med ein 2.plass.


Benedikte Aa (16)  t.v. er her i ferd med å gjere den tre år eldre tittelforsvararen Anita Jordanger rangen stridig i kampen om meistertittelen i
"Kraftprøva" for kvinner. Måldommarane greidde ikkje å skilje mellom dei to, og det vart delt førsteplass. Alle foto: Oddleif Løset, Firda Tidend


Nesten like jamnt vart det i herreklassen der Jon Bjarne Hope  vart nr. to slegen med knappast mogeleg margin av Lars Kjetil Gloppestad frå Gloppen.
Her er det full innsats mot den raude målsnora, og Lars Kjetil t.v. får kasta seg nokre millimeter føre Jon Bjarne.

JENTENE (11 – 14 ÅR)

Etter å ha vunne dobbelt på Oldenstafetten, var forhåpningane til jentelaget store. Og dei var med og kjempa i teten gjennom heile stafetten. Laget enda til slutt på ein 4.plass i det jamne oppgjeret. (Same tid som 3.pr.vinnarane.)
Til v.: Ida Gjengedal på veg opp frå stadion.

DAMENE

Det var fyrste gongen Hyen IL hadde eige damelag. Dei tok ein flott 2.plass bak 1.laget til GFIL. (Eigentleg er Hyen sitt damelag ein del av GFIL-troppa.)

HERRANE - EIN SUVEREN 1.PLASS

Det er alltid ekstra stor interesse knytta til herre-stafetten. Etter fleire månader med vurderingar skulle det avgjerast kven som var best av dei lokale laga i GFIL-distriktet, eller kanskje var det Jølster som skulle reise av med pokalen.

Etter 1. etappe var det jamnt mellom Jølster, Hyen og Brodd/STIL. På dei to neste etappane heldt Jølster på ei lita luke. Men på 4. etappe gjekk Jon Bjarne i tet, og Roger auka med eit halvminutt på den tunge 5.etappen, og då var "slaget" eigentleg over. På den lange 9.etappen auka Even leiinga monaleg, og Kai Arne kunne springe inn til ein suveren siger om lag 50 sek føre Jølster.


Ankermannen Kai Arne Aa kan "kruse" mot mål mest ei heil runde på bana føre nestemann. 

Den store flokken av hyarar kunne såleis reise nøgde heimatt etter nok ein breimstafett.

- matias -

RESULTAT

Kraftprøva, damer: Anita Jordanger, Gloppen, og Benedikte Aa, Hyen (delt siger)

Kraftprøva herrar: Lars Kjetil Gloppestad, Gloppen

Stafett gutar: Hareid, 9.02, Førde, 9.02, Fjell-hug/Vereide, 9.10, Dale, 9.25, Syril, 9.34, Breimsbygda, 9.37 Jølster, 9.54, Breimsbygda II, 9.59, Olden, 10.04

Stafett jenter: Vik, 9.33, Jølster, 9.35, Hareid, 9.41, Hyen, 9.41, Syril, 10.03, Breimsbygda, 10.40, Førde, 10.47

Stafett damer: Gloppen, 6.48, Hyen, 7.07, Breimsbygda, 7.51

Stafett herrar: Hyen, 24.48, Jølster, 25.38, Brodd/STIL, 25.43, Fjellhug/Vereide, 26.21, Breimsbygda, 30.42

Open klasse: Hareid, 6.28, Hjelmesetane, 6.32, Syril, 6.38

Veteran herrar: Olden, 14.50, Gloppen, 14.57

Superveteran herrar: Gloppen, 14.44