HIL-kalenderen 2006 er klar


Dette er den ellevte HIL-kalenderen som er laga sidan han kom ut fyrste gong for året 1996.

Judit Aa har også i år gjort ein kjempejobb med å få til denne vakre og eigelege kalenderen med mange flotte, gamle og litt nyare bilete frå bygda. Ho har i mange år samla og kopiert gamle bilete frå dei ulike gardane i Hyen, og har såleis gjort ein stor innsats for å ta vare på og gjere tilgjengeleg denne svært verdfulle skatten for framtida. Sidan salet brukar å gå bra, gjev dugnadsinnsatsen hennar ein pen slump pengar i idrettslagskassen kvart år. No er 2006-utgåva klar for distribusjon. Kalenderen høver sers godt som ei ekstra hyggjeleg julehelsing til utflytte hyarar og elles andre med tilknyting til bygda. Han kan tingast hjå Judit Aa, 6829 Hyen. Tlf. 57 86 98 55. Prisen er kr. 100,- pr. stk. + kr. 22,- i porto om han må sendast i posten. I Hyen brukar Judit å køyre rundt og selje i god tid før jul.