Hyen på nett











       

Heimeside for bygda Hyen i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.

Sida er organisert av Hyen Utviklingslag, men dei enkelte lag og organisasjonar har ansvar for oppdatering av sine respektive avdelingar. Utviklingslaget bidreg med referat frå ulike hendingar og tilskipingar av meir allmen karakter som til ei kvar tid går føre seg i bygda.
Vi håpar sida fell i smak, og redaksjonen tek gjerne i mot 
tips, tilbakemeldingar og stoff.


Hyen sentrum med Straume gard til venstre og Straumsholmen til høgre.     Foto: Magnar Heimset

Knusande siger til Stil i fotballkampen fredag kveld

No kan du laste ned Friluftshelgavisa 2008 i pdf-format (9,5 MB).

Har du stoff til Hyen - Nytt 2008?
Utviklingslaget tek sikte på å gje ut Hyen- Nytt også i år. Redaksjonen ynskjer innspel om stoff, og tek med takk imot bilete frå spesielle hendingar, primært frå dette året, men også anna kan vere interessant. Dikt og teikningar set vi og pris på, samt utflyttarbrev (helst frå dei som lengtar heim til vakre Hyen). Har du stoff eller forslag til stoff, så send e-post til larstun@online.no

Roger fekk fornya tillit, skriv Firda Tidend. Les

Nesholmen Cup 2008 laurdag 5. juli.

Det vart berre eitt merke på hyarane i årets birkebeinerrenn. Meir

Hyesprinten 2008 vart avvikla på Fullskjegga 23.02. med god deltaking. Sjå resultatliste

Stor utskifting av mannskap i brannkorpset i Hyen i det siste. Meir

Det vart ein 13.plass på 15km fri til Roger Aa Djupvik i Skandinavisk Cup på Tolga laurdag vel eit minutt bak vinnaren, Kristen Skjeldal. Søndag vart det ein 11.plass på 15+15km pursuit knapt halvtanna minutt bak vinnaren, Martin Johnsrud Sundby. Sjå resultatlister
  Roger leiar framleis Scandicupen, men knipe med 188 poeng føre John Anders Gaustad med 182. Geir Ludvig Aasen Ouren er på tredjeplass på tabellen med 160 poeng. Sjå tabell

Roger sikra seg leiartrøya i Skandinavisk Cup, skriv Firda Tidend.

Ungdomens kulturpris, sjå Kulturkalender.

Ljøren årgang 9, sogeskrift for Gloppen, er i handelen. Sjå omtale

Judit er klar med HIL-kalenderen 2008.

Nytt nummer av "Hyen Nytt" er på trappene. Dei som ønskjer å få avisa tilsendt (og som ikkje held Firda Tidend) eller har bidrag til stoff, kan sende e-post til redaktør Sivert Jan Ommedal snarast. Spesielt oppmodar vi lag og organisasjonar til å sende inn oversikt over arrangement siste halvdel av desember. Vi har utsett frist for innlevering av stoff til måndag 19.11. kl. 20.00.

Roger best i test, skriv Firda.

Ole Arild Aa best i Stryn. Les meir.

Friluftshelgavisa 2007 er klar og kan lastast ned i pdf-format.

Ommedal vann NESHOLMEN CUP 2007.

Hyar vart fylkesmeister, skriv Firda.

Hyen-duo kniva om sigeren i Florøstemnet, skriv Firda.

Gigantlinja kan skiple planar for Hyen Natur og Friluft. Meir

Påmelding til Nesholm Cup 2007.

17.mai-feiring i Hyen i nydeleg vårvêr. Sjå biletreportasje

Sterk motstand mot 420 kV-linja på folkemøte i Hyen måndag 23. april 2007. Meir

Roger på elitelandslaget. Les nettutgåva av  Firda Tidend

Odd-Bjørn best 13 sekund føre Roger på Rypeskarrennet 07.04.07. Resultatliste

Roger suveren på heimebane. Sjå resultat LM lang løype 05.04.07.

Årsmøte i Hyen Utviklingslag vart halde i Hyen Samfunnshus 28.03.2007. Sjå reportasje

Årsmelding frå Hyen Sokneråd 2006.

Endeleg individuelt VM-gull til Odd-Bjørn. Meir

Flott 7.plass til Fjellhug/Vereide-Hyen i NM-stafett. Meir

Odd-Bjørn vann bronse på 30 km duathlon i NM i Meråker. Meir

Odd-Bjørn rota vekk sprintgullet. Meir

Det vart halde Årsmøte i Hyen IL 12.01.07 i Hyen Samfunnshus.

Heile stortingsbenken frå Sogn og Fjordane var på vegseminar i Hyen fredag 12. januar, skriv F.T.

Gloppen kommune, Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Telenor har underteikna avtale om utbygging av breiband til Hyen. Sjå pressemelding på PDF-fil

Ny norgescupsiger til Roger på Sjusjøen fredag 5. januar. Han slår dermed fast at han høyrer heime på det norske verdscup-laget, skriv Firda.

Arve bak rattet igjen etter dramatisk sjukdom i Brasil. Les meir

Hilde-Gunn og Ola Tormod Ommedal fekk måndag kulturprisen 2006 i Gloppen, skriv F.T.

Advent og jul i Hyen. sjå Kulturkalender

 

Kjempeinnsats av skiløparane frå Fjellhug/Vereide-Hyen i sesongopninga på Beito. Sjå FT

Stor bygdefest for Ola Tormod og Aase laurdag 21. oktober 2006. Les meir

Høykom løyver 8 mill. til breiband for 37 bygdelag over heile fylket. Sjå pressemelding

Bertel Oddne Mjellem på Kongelaget.

Bertel Oddne Mjellem vann Olsokstemnet, skriv Firda.

Rut Tellefsen heldt eit timelangt kåseri om sitt tilhøve til Ibsen og hans sterke kvinner i Hyekyrkja laurdag 22. juli i samband med Friluftshelga i Hyen. Les meir

Uhøgtidleg fotballturnering på Nesholmen laurdag 8. juli.

Høyringsuttale frå Hyen Utviklingslag til NVE om 420 kV-linja gjennom fylket .

Fin 17.mai med bra vér i Hyen

Fekk kjempeaure i Storefjorden. Meir

Den nye landslagssjefen i herrelangrenn heiter Morten Aa Djupvik og er frå Hyen. Meir

Årsmelding frå Hyen Sokneråd 2005.

Hyen Idrettslag arrangerte jubileumsrenn i Åstøylsmarka 09.04.06 under flotte forhold. Resultatliste

Lagsmeisterskap på ski kort løype vart avvikla på Fullskjegga 22.03.06. Sjå resultatliste

Birkebeinarrennet 2006 vart ein hard batalje for fleire av våre lokale heltar. Sjå resultatliste

Hyesprinten vart avvikla på Fullskjegga 18.02.06 under svært gode tilhøve. Sjå resultatliste 
Firda Tidend har eit biletgalleri frå Hyesprinten på nettutgåva si.

Imponerande 3.plass til Roger i Skandinavisk Cup, skriv Firda Tidend.

Roger Aa Djupvik gjekk inn til ein knallsterk sjetteplass på 15 km klassisk i NM, skriv Firda Tidend.

Roger vann 10 km klassisk i Noregs Cup i Stokke laurdag 07.01.05. Les meir i Firda Tidend.

Hyen er bygda der toppidrettsutøvarane blomstrar, skriv avisa Firda

Roger Aa Djupvik med kjempeløp og tredjeplass i Skandinavisk cup i finland, skriv Firda.

HIL-kalenderen 2006 er klar for distribusjon.

Roger Aa Djupvik smelte til med ein skikkeleg pangstart i sesongdebuten sin i helga. Les meir

Full utbygging sprengjer kraftnettet på alle nettnivå. Stor interesse for møte om kraftutbygging i Hyen.
Les heile saka

Ny skytebane teken i bruk på Åbakkane i Hyen. Meir

Nordfjord tok ein glimrande 3.plass i samlagsskytinga under Landsskyttarstemnet på Lesja. Meir

Det vart strålande ver og full klaff for Friluftshelga 2005.

Resultatliste frå nasjonalt stemne i Hyen 20.07.05.

Hyaren Jon Bjarne Hope og dama hans Synnøve Kvile frå Breim var i vinter på ein fantastisk tremånaders tur til New Zealand, Australia og Thailand. Sjå reisebrev med bilete

Hyejenter på beverjakt.

Brekkefossen Kraftverk på nettet torsdag 19. mai 2005. Meir

Rongkleiv Kraft AS får konsesjon. Sjå kva NVE skriv om dette på sine nettsider. Sjølve konsesjonen kan lesast på pdf-fil her.

Ny karbonfiberkatamaran vert levert frå Brødrene Aa. Meir

Tranedans har vi aldri opplevd i Hyen, men kanskje vi kan sjå det på Neskvia ein gong?

Natt til onsdag 27.04.05 vart det gjort innbrot i Sparebanken SFJ sitt filialkontor i Hyen.

Fekk internasjonal pris for båtar i carbonfiber. Les saka

Årsmelding frå Hyen Sokneråd 2004.

God innsats av birkebeinarane frå Hyen IL laurdag 19. mars 2005. Sjå resultatliste.

Enda ein triveleg trimfest i Hyen gjekk av stabelen 12.03.05. Sjå fotoreportasje.

Kjartan Aa Berge valt til ny leiar i Hyen Utviklingslag. Meir

Brødrene Aa nominert til internasjonal pris for båtar i carbonfiber. Les saka

Romjulsfesten til Hyen Ungdomslag vart avvikla 30.12.2004. Sjå fotoreportasje  frå festen.

Endeleg tunnelgjennomslag i Lakshammaren, skriv Firda Tidend 03. desember 2004.

Morten Aa Djupvik vil utover i sesongen vere leiar for landets beste løparar både i verdscup og VM.
Det skriv nettutgåva til Firda i dag, 26.11.04.

Hærverk og tjuveriraid gjennom Hyen natt til søndag 31. oktober.

I går vart endå ein karbonfiberbåt levert frå Brødrene Aa. Sjå nettutgåva av Firda.

Lakshammaren i Ommedalsstranda rasa ut og knuste vegen. Sjå Firda og NRK Sogn og Fj.

Opprykkskamp mellom Hyen og Eid 2 på Hyen stadion søndag 26. september kl. 13.00. Kampen enda 4 - 1, og det vert Hyen som rykkjer opp til 5.divisjon

Pensjonisttreff i Hyen laurdag 04. september 2004.

Våningshus brann på Solheim  laurdag 28. August.

Spelemannsfesten 2004 i Hyen laurdag 28. august med m.a. Roger Allan Ivin og Odd-Erik Lothe.

Hyaren Anders Klungre ( Firda vgs.) kvalifiserte seg til den Internasjonale Matematikk Olympiaden i Abelkonkurransen tidleg i vår. Finalen gjekk i Athen, Hellas 09. - 18. juli, og her kjem Anders med reisebrevet vi lova lesarane våre.

Fotoreportasje, hyejenter i Norway Cup 2004.

Br. Aa AS har inngått avtalar med Stavangerske Dampskipsselskap og Troms Fylkesdampskipsselsap om levering av to katamaranar. Stavangerske skal ha ein kopi av "Rygerkatt", og TFDS ein 
kombi-katamaran (passasjerar, last og ambulanse) med levering i mai og juni 2005, og til ein verdi av ca. 45 mill. kroner samla for begge kontraktane.
Firda Tidend har ein artikkel om dette i fredagsutgåva (09.07.), og sidan avisa ikkje har nettutgåve som vi kan linke til, legg vi ut artikkelen signert Bjørn Grov her.

Øystein Aa sette ny lagsrekord i høgde på Sparebankleikane på Byrkjelo laurdag 03. juli. Meir.

No er det høgsesong for innlandsfiske i Hyen. Tor Larsen har vore på fisketur i Storefjorden.

Utbygginga av Brekkefossen er i gong.

Vind og sprutregn, men stor stemning på 17. mai i Hyen 2004.

Ny ambulansebåt på beddingen hos Br. Aa. Han skal leverast til Austevoll i september.

Brødrene Aa AS leverer båt igjen , passasjerbåten Rygerfjord sette kursen mot Stavanger natt til 16. mai.

Stor dag for Hyen på Breimstafetten 02.05.2004. Fotoreportasje.

Kristine Gjengedal frå Hyen sette ny norsk rekord i sleggekast for 14-åringar, med eit lengstekast på 45,48 meter. Meir.

Teaterkveld ve Hyen skule 12.februar med "Folk og røvere i Kardemomme by".

Roger tok ein glimrande åttandeplass på 2x15 km jaktstart fyrste NM-dagen på Bardufoss. Meir.

Benedikte vil prøve det "umulege"; å kombinere langrenn og fotball på landslagsnivå.
Sjå artikkel i Bergens Tidende.

Det er på Kleivane det skjer, klipp frå Hyen Nytt.

Hyen Skyttarlag byggjer for framtida, klipp frå Hyen Nytt.

Kompardag 20. november 2003.

Hyen banka Sogndal og vann KM-tittelen i J-16 sjuarfotball 2003.

Nokre datainteresserte ungdomar med tilknytning til Hyen har starta pratekanalen #hyen på IRC-nettverket Undernet. Her kan folk "prate", legge inn beskjedar ol. Les meir!

Ledige tomtar i nytt bustadfelt på Straumsholmen.

S-partia valvinnarar i Kommunevalet i Gloppen 2003. Hyen inn att med 7 representantar!

Holme Bilverkstad brann 27. august 2003.

Det var sogevandring i Hyen 17. august 2003.

Festkvelden i Gymsalen og Samfunnshuset 17. mai 2003.

Delikatessar få havet, kosekveld  på Columbus 26.04.03

Morten Aa Djupvik frå Hyen skal neste år trene utviklingslandslaget i langrenn for menn.

Hjort og hjortejakt er toppaktuelt i Hyen. Seminar om HJORT 2003 på Eid 29. og 30. mars.

Årsmelding Hyen sokneråd 2002.

Hyen-trenar best i verda påstår avisa Firda om Morten Aa Djupvik. Hyen på nett er samd.

Hyen skule best i landet  viser statistikken over gjennomsnittskarakterar ved ungdomsskulane.

Avduking av heksemonument på rettarstaden i Anda 09.06.

Hyarar fekk utmerkingar på skitinget i Sogndal 24. og 25. mai.

Ramperaid gjennom Hyen natt til 16. mai 2002.

Villmarkskveld med eventyraren og ekstremsportutøvaren Stein P. Aase i Hyen 19.04.2002.

Informasjonsmøte i Hyen 23.01. om oppstart av planarbeid Ålfotbreen landskapsvernområde.


Hyen med Straume i framgrunnen, Å midt i biletet og Ommedalen i bakgrunnen.     Foto: Olav Marius Aa

Ny besøksteljar 01.08.05

Free Counter